Mange tek Gjendebåten til turisthytta Memurubu for å gå den kjende Besseggen. Om du ynskjer å ta beina fatt til eller frå Memurubu, kan du vandre på godt merka sti langs fjellvatnet Gjende.
Total lengde: 10 kilometer.
Stigning: 236 meter
Tidsbruk: 2,5 - 4 timar.
Anten du er ute etter eit alternativ til Besseggen eller ynskjer å gå begge vegar er dette virkeleg ein tur å anbefale! Du går på godt merka sti mellom dei to turisthyttene, i variert og kupert terreng. Langs ruta finn du dessutan ein rik fjellflora, og kan nyte at du har smaragdgrøne Gjende ved sidan av deg heile turen. Turen kan gåast uansett vêr.
Om Memurubu:
Memurubu turisthytte er idyllisk plassert under Besseggen ved Gjende, og er den mest naturlege startstaden for turar over Besseggen. Hytta ligg mellom Gjendesheim og Gjendebu, med Besseggen og Bukkelægret på kvar side.
![](https://i.ytimg.com/vi/LKgHYC37bk4/maxresdefault.jpg)