Visste du at det er mogleg å gå over Besseggen med ski om vinteren? Da kan du til og med risikere å få den kjende eggen - og utsikta - heilt for deg sjølv.
Turen startar frå anten Gjendesheim eller Bessheim i Jotunheimen, og går i slak motbakke mot Bessvatnet, 1374 meter over havet. Ein går over vatnet på langs, totalt 6 kilometer, før ein kjem fram til "Bandet" mellom Gjende og Bessvatnet. Frå her går ein med skia på ryggen opp sjølve Besseggen.
Meir om turen her: [ Ссылка ]
Fleire toppturtips her: topptur.visitjotunheimen.no
Foto/redigering: Mari Arnøygard Wedum | Visit Jotunheimen | Februar 2020
Ещё видео!